top of page

Klima - SOL PÅ TAK


Solceller på nye hustak blir den nye normalen i Tyskland Tyskland med ny politikk som skal få fart på satsinga på sol, vind og hydrogen. SOL PÅ TAK – DEN NYE NORMALEN: Tyskland har mål om 200 GW i installert kapasitet innan 2030 – ein dobling av den førre regjeringas mål. Eit vik grep er å gjere solceller på nye hustak til ein norm.


Tysklands klima- og økonomiminister Robert Habeck (Dei Grøne) lanserte denne veka ein klimakrisepakke. Bakgrunnen er at Tyskland ikkje er i rute til å nå eigne klimamål.

«Klimapolitikken er utilstrekkeleg i alle sektorar», var bodskapen til Habeck.

For å nå målet om 80 prosent fornybar energi i kraftmiksen innan 2030, samstundes som det samla årlege tyske straumforbruket er venta å auke til rundt 700 TWh, vil regjeringa bygge ut langt meir sol og vind enn det som tidlegare er planlagt.

  • Målet for solenergi er 200 GW i installert kapasitet innan 2030 – ein dobling av den førre regjeringas mål. Det skal stillast krav om solceller på taket av alle nye næringsbygg. For nye bustader blir solceller på taket ein hovudregel, men ikkje eit absolutt krav.


5 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page